Om Statens strålevern

22.12.2011 kl 14:07

Del:

Statens strålevern leier arbeidet med atomberedskapen i Noreg.

 

Strålevernet fører tilsyn med all bruk av strålekjelder i medisin, industri og forsking i Noreg og overvakar naturen, maten og stråledosane som går til befolkninga.

 

Statens strålevern driv eit landsdekkjande automatisk måle- og varslingsnettverk som overvakar strålenivået i lufta og på bakken dag og natt. I tillegg har Strålevernet fem luftfilterstasjonar rundt om i landet som overvakar luftmassane over Noreg. Noreg har òg tilgang på data frå ca. 4000 målestasjonar i Europa, også Russland. Desse måledataa blir oppdaterte kvar dag.

 

Strålevernet har sin eigen vakttelefon.

 

Telefonnummer: 67 16 26 00

 

Vakttelefonen har døgnvakt, men skal berre nyttast ved uhell eller ulykker.

 

Telefon sentralbord: 67 16 25 00

Besøksadresse: Grini næringspark 13, 1332 Østerås

ARTIKKELEN HANDLER OM