Mat som er forureina av radioaktivitet

17.01.2012 kl 17:23

Del:

Det er liten grunn til å uroe seg for radioaktivitet i mat i Noreg. Du bør likevel følgje nokre enkle kosthaldsråd dersom du eit mykje viltkjøt, ferskvassfisk, sopp eller bær frå visse område i Noreg. Det kjem av at det framleis er radioaktivt nedfall etter atomulykka i Tsjernobyl i 1986 i naturen.

 

Det var høgfjellsområda i Gudbrandsdalen, Valdres, dei indre delane av Trøndelag og også dei sørlege delane av Nordland som fekk mest radioaktivt nedfall etter atomulykka i Tsjernobyl. Det radioaktive innhaldet i småfe, reinsdyr og ferskvassfisk er mykje lågare i dag enn det var i dei første åra etter ulykka.

 

Det er Mattilsynet som måler radioaktiviteten i kjøt og andre næringsprodukt i Noreg.

 

På nettsida matportalen.no er det sett opp ein tabell. Han forklarer på ein enkel måte kor mykje reinsdyrkjøt og ferskvassfisk frå desse områda styresmaktene meiner du kan ete før du kjem over den grensa som er tilrådd når det gjeld inntak av becquerel. Becquerel er ei måleining for radioaktivitet.

 

Matportalen.no informerer i tillegg om korleis ulike måtar å lage mat på påverkar innhaldet av radioaktive stoff.

ARTIKKELEN HANDLER OM

Se også:
 

Mattilsynet