Kva er akutt forureining?

19.01.2012 kl 12:46

Del:

Ved akutt forureining blir naturen og miljøet påført noko som er skadeleg.

 

For at eit utslepp skal bli rekna som akutt, må tre vilkår vere oppfylte. Utsleppet må vere betydeleg, i den meininga at det kan skade miljøet. I tillegg må utsleppet skje brått, og ikkje vere tillate. Det er forureiningslova som seier kva slags utslepp som er tillatne. Det er forbode å forureine dersom det ikkje ligg føre eit utsleppsløyve.

ARTIKKELEN HANDLER OM