Kven handterer akutt forureining?

04.01.2012 kl 14:40

Del:

Den som driv ei verksemd som kan medføre akutt forureining, skal sørgje for å ha den beredskapen som trengst for å hindre, oppdage, stanse, fjerne og avgrense verknadene av forureininga.

 

Beredskapen skal stå i eit rimeleg forhold til kor sannsynleg ei akutt forureining er, og til omfanget av dei skadane og ulempene som kan oppstå. Formålet med å ha beredskap mot akutt forureining er å verne om liv, helse, miljø og næringsinteresser.

 

Det er eit overordna og etablert prinsipp i forureiningslova at forureinaren skal betale både for å etablere sin eigen beredskap og for å setje i verk skadereduserande tiltak ved forureining frå den verksemda han eller ho driv. Forureinaren er òg ansvarleg for å setje i verk tiltak ved skadar på miljø og eigedom og å betale erstatning for skadane.

 

Privat beredskap

Alle føretak har beredskaps- og aksjonsplikt ved akutt forureining frå den verksemda dei driv, og hjelpeplikt når staten og kommunen aksjonerer. Miljødirektoratet har stilt spesifikke beredskapskrav til ei rekkje landbaserte bedrifter og til all petroleumsverksemd. I krava er det presisert at aksjonsplikta gjeld for alle utslepp frå den verksemda ein driv, utan omsyn til storleiken.

 

Kommunal beredskap

Kommunane har beredskaps- og aksjonsplikt ved mindre tilfelle av akutt forureining innanfor kommunegrensane som ikkje er dekte av privat beredskap, og der forureinaren sjølv anten ikkje er i stand til å aksjonere eller er ukjend. Eksempel på dette er tankbilar som har velta, utslepp frå nedgravne tankar og oljeutslepp i ei hamn med ukjend kjelde.


Kommunane samarbeider om beredskapen gjennom 33 interkommunale beredskapsregionar som er leidde av interkommunale utval mot akutt forureining (IUA), og som dekkjer alle dei norske kommunane.

 

Statleg beredskap

Staten har – ved Kystverket – beredskaps- og aksjonsplikt ved større tilfelle av akutt forureining som ikkje er dekte av privat eller kommunal beredskap. For det meste dreier dette seg om innsats mot oljeutslepp frå skip og skipsvrak eller frå ukjende kjelder. Dersom den ansvarlege forureinaren sjølv ikkje er i stand til å aksjonere, kan Kystverket om nødvendig overta aksjonsansvaret.

ARTIKKELEN HANDLER OM