Korleis handterer ein akutt forureining?

04.01.2012 kl 14:54

Del:

Fagorgana kallar handtering av akutte forureininger for "aksjonar mot akutt forureining". Ein aksjon mot akutt forureining inneber eit komplekst samspel mellom taktiske og praktiske vurderingar og handlingar og krev høg og spesialisert kompetanse. Evna til å ta dei rette vala i krisesituasjonar og ta dei raskt er avgjerande.

 

Ein oljevernaksjon blir påverka av faktorar som veret, lysforholda, topografien, infrastrukturen, befolkninga, geografien, geologien, naturverdien og kor tilgjengelege dei forureina områda er. Men erfaringa frå Noreg og andre land viser at når det skjer akutte oljeutslepp nær land, kjem det som oftast olje på strendene. Derfor kan det vere eit viktig tiltak å sperre oljen inne ved land, slik at han ikkje blir spreidd vidare med tidvatnet og straumane.

 

Sjølve oppryddinga på land skal ikkje påføre områda ytterlegare skade, og ein nyttar dei mest miljøvenlege metodane for å fjerne oljeforureininga. Ein aksjon kan vare frå nokre dagar til fleire månader, og det kan vere mange menneske og store materiellressursar involvert. Oljevernaksjonar kan altså vere svært ressurskrevjande og medføre store utgifter for samfunnet.

 

Kjemikalieulykker, altså ulykker med andre kjemikalium enn olje, kan vere heilt annleis. Mange kjemikalium kan blande seg med vassmassane, medan andre kan flyte på sjøen. Kva for tiltak og metodar ein vel for å minske eller hindre skadane på menneske og miljø, kan derfor variere mykje.

 

Det er eigenskapane til dei stoffa som blir sleppte ut, som avgjer korleis forureiningar spreier seg i miljøet, og kva for skadar miljøet kan få på den måten. Skadeverknadene kan variere frå akutt giftverknad på levande organismar til meir langsiktige verknader som nedsett reproduksjon og endringar i arvestoffet.

 

Når vaktsystemet i Kystverket får melding om eit større tilfelle av akutt forureining frå skip, blir det straks mobilisert beredskapspersonell og utstyr. Ved oljeforureining skjer mobiliseringa i samarbeid med regionen eller kommunen der forureininga er, eller med forureinaren, slik det er fastsett i beredskapsplanen mot akutt forureining i Kystverket. Ved kjemikalieulykker kan også andre ressursar bli involverte.

 

Private verksemder har beredskaps- og aksjonsplikt når det gjeld den risikoen dei sjølv representerer, både til havs, langs kysten og i strandsona. Petroleumsverksemda til havs har etablert operative beredskapsløysingar som er spesialtilpassa for eventuelle utslepp av råolje til havs. 

ARTIKKELEN HANDLER OM