Kven har ansvaret for jernbanen?

05.01.2012 kl 10:43

Del:

Det er fleire styresmakter som deler på ansvaret for å drifte jernbanen og halde han ved like.

 

Jernbaneverket

Jernbaneverket har ansvaret for å kartleggje og fjerne eller utbetre slike risikopunkt langs jernbanenettet som kan føre til uhell og ulykker. I tillegg har Jernbaneverket ansvaret for den daglege styringa av togtrafikken og for å gi trafikkinformasjon til dei som reiser, før togturen. Jernbaneverket er fagorganet til staten når det gjeld jernbaneverksemd. Oppgåva til Jernbaneverket er å tilby togselskapa i Noreg eit trygt og effektivt trafikksystem gjennom å planleggje, byggje ut, drifte og halde ved like det statlege jernbanenettet, medrekna stasjonar og terminalar.

 

Jernbaneverket får kvart år bestilling frå togselskapa på over 2000 «ruteleier» – det vil seie tilgjenge til sporet for å køyre tog.

 

Togselskapa

Togselskap som ønskjer å køyre gods- eller persontog på det statlege jernbanenettet, må ha ein gyldig sportilgangsavtale. Togselskapa er sjølv ansvarlege for tryggleiken om bord på toga og for å følgje dei reglane som Statens jernbanetilsyn har fastsett. NSB og Flytoget er to av dei mest kjende togselskapa i Noreg, men det er i dag om lag 15 togselskap i alt som har avtale.

 

Statens jernbanetilsyn

Statens jernbanetilsyn (SJT) er ei utøvande kontroll- og tilsynsstyresmakt for både offentlege og private aktørar innanfor jernbanesektoren, medrekna trikk og T-bane, i Noreg. SJT er ein sjølvstendig etat og ligg under Samferdselsdepartementet.

 

Statens havarikommisjon for transport

Statens havarikommisjon for transport er eit forvaltningsorgan med ansvar for å undersøkje ulykker og hendingar innanfor luftfart, vegtrafikk, sjøfart og jernbanedrift (også sporvegar og T-bane).

 

Formålet med undersøkingane er å forbetre tryggleiken og førebyggje ulykker i transportsektoren.

 

Samferdselsdepartementet

Ansvarsområdet til departementet er persontransport, godstransport, posttenester og telekommunikasjon. Samferdselsministeren er den øvste politiske leiaren i departementet. Dei underliggjande etatane er Jernbaneverket, Luftfartstilsynet, Post- og teletilsynet, Statens havarikommisjon for transport, Statens jernbanetilsyn, Statens vegvesen og Taubanetilsynet.

 

Stortinget

Det er Stortinget som fastset dei langsiktige utviklingsplanane for jernbanen når tinget behandlar stortingsmeldinga om den nasjonale transportplanen (NTP).

ARTIKKELEN HANDLER OM