Åsta-ulykka

05.01.2012 kl 09:16

Del:

Tysdag 4. januar 2000 køyrde tog 2302 ut frå Trondheim kl. 07.45. Toget hadde dieseldrive lokomotiv og tre vogner. Det var i rute og skulle til Hamar.

 

På grunn av forseinkingar med kryssande tog undervegs var toget 21 minutt forseinka da det gjekk frå Røros stasjon. Det var byte av lokomotivførar på Røros. Ved innkøyring til og utkøyring frå Rena var forseinkinga redusert til 7 minutt. Det var 75 personar om bord, medrekna lokomotivføraren og konduktøren, da toget forlét Rena kl. 13.07. Togsporsignalet på Rena stasjon viste grønt, og loggen som blei teken ut frå togleiarsentralen på Hamar etter ulykka, indikerer at også hovudsignalet viste grønt. Tog 2369 forlét Hamar stasjon i rute kl. 12.30. Toget var eit motorvognsett av typen BM 92, dieseldrive og med ei motorvogn og ei styrevogn. Motorvogna gjekk først. Tog 2369 skulle til Rena stasjon og så tilbake til Hamar. Det kom til Rudstad stasjon i rute kl. 13.06, stoppa og tok opp ein passasjer. Toget skulle etter ruta ha eit opphald på Rudstad stasjon frå kl. 13.06 til 13.10 for kryssing med tog 2302. Da toget forlét Rudstad kl. 13.07, var det 11 personar om bord, blant dei lokomotivføraren og konduktøren. Loggen indikerer at utkøyrssignalet ikkje viste grønt, og at sporvekselen ved utkøyring frå Rudstad stasjon var køyrd opp av eit nordgåande tog.

 

Togleiarsentralen på Hamar har ansvaret for trafikkstyringa på Rørosbanen mellom Hamar og Røros. Den same togleiaren hadde på det aktuelle tidspunktet også trafikkstyringa på strekninga Hamar–Eidsvoll. Togleiaren konsentrerte seg om den sistnemnde strekninga på grunn av mykje trafikk på den og sjekka ikkje skjermane som viste kva som skjedde på Rørosbanen. Det var ikkje installert lydalarm (akustisk alarm) som varslar at to tog er på kollisjonskurs, på denne togleiarsentralen. Sjølv om ei markering i form av raud skrift nedst på skjermen frå kl. 13.08 må ha indikert at det heldt på å skje ei ulykke, blei ikkje togleiaren merksam på dette før ca. kl. 13.11.30. Toga var utstyrte med mobiltelefon som eit hjelpemiddel. På Rørosbanen var det ikkje installert ATC (automatisk togstopp) da ulykka skjedde, og heller ikkje togradio. Den einaste måten for togleiaren å få kontakt med lokomotivføraren på var via mobiltelefonen. Lokomotivføraren på det nordgåande toget hadde ringt inn mobiltelefonnummeret sitt til togleiaren på ei tidlegare vakt. Dette hadde ikkje blitt oppført på den lista der nummera skal førast opp. Også konduktøren på det sørgåande toget hadde ringt inn mobiltelefonnummeret til den same togleiaren, men heller ikkje det blei ført på den rette lista. Da vakthavande togleiar blei merksam på kva som heldt på å skje, fann han ikkje mobiltelefonnummera og fekk ikkje kontakt med dei to toga.

 

Toga støytte saman ved Åsta stasjon mellom Rudstad og Rena kl. 13.12.35. Motorvogna i det nordgåande toget blei totalt øydelagd, medan styrevogna fekk mindre skadar og blei ståande på sporet. Lokomotivet i det sørgåande toget fekk store skadar i fronten og velta over på sida. Den første vogna blei kraftig bøygd og spora av. Også den neste vogna spora av, men blei ståande i sporet. Den siste vogna blei ståande på sporet. Rett etter samanstøyten oppstod det ein kraftig brann i området ved lokomotivet og restane av motorvogna, og nokre minutt seinare også i den første vogna. Brannen spreidde seg etter kvart også til dei to siste vognene. Det omkom totalt 19 personar i samanstøyten og brannen som følgde. 67 personar overlevde ulykka. Den siste overlevande blei teken ut av toget ca. kl. 17.00. Ingen av dei overlevande blei livsfarleg skadd.