Trygg luftfart

Ulykker i luftfarten kan få store konsekvensar. Derfor blir det stilt strenge krav til tryggleiken i samband med luftfart.

18.01.2012 kl 09:32

Del:

Tryggleik i lufta

Flygeleiaren sørgjer for at flya held stor nok avstand til kvarandre i lufta. Flygeleiarane er trena på situasjonar med stor trafikk. Ved hjelp av eit radarbilete og eit databasert planleggingsverktøy sørgjer dei for at alle fly som er på veg inn for landing, kjem inn etter kvarandre og med trygg avstand til kvarandre.

 

Sjølv når flya kjem frå mange forskjellige retningar med ulik fart og i ulik høgd, må flygeleiarane kunne handtere også annan tilfeldig flytrafikk og nødssituasjonar som måtte oppstå. Trygge, innarbeidde rutinar og regelbunden trening på vanskelege situasjonar gjer at dei er godt førebudde og kan klare denne jobben på ein profesjonell og trygg måte.

 

Tryggleik på bakken

Tryggleiken mot at fly støyter saman, skal vere høg på sjølve flyplassen. Flygeleiaren sørgjer for at fly og kjøretøy på bakken blir haldne frå kvarandre ved hjelp av radiokommunikasjon, og det er strenge rutinar for ferdsel. Alle som er tilsette på ein flyplass, må gå igjennom omfattande opplæring i regelverket for ferdsel på innsida av flyplassgjerdet før dei får lov til å arbeide sjølvstendig på flyplassen.

 

Oppmerkinga og skiltinga av flyplassane skal ikkje kunne misforståast. Alle taksebanar og rullebanar er godt skilta med internasjonale kodar som viser kvar ein er på flyplassen, og kvar ein er på veg. Innkøyringane til rullebanen er ekstra godt merkte, med både blinklys og ”Runway ahead” (”rullebane framfor deg”) måla på asfalten med eit stort raudt felt for å hindre at nokon uforvarande køyrer inn på ein rullebane utan å ha fått lov av ein flygeleiar.

 

Bremseeffekt på rullebanen

I kraftig regnver kan vatn på overflata av asfalten gi vassplaning. Resultatet kan bli at flya ikkje greier å stoppe før rullebanen tek slutt, eller at dei mistar styringa og køyrer utanfor ein av sidekantane. For å hindre dette er asfalten på rullebanen rilla tett med tverrstriper som drenerer vekk vatn. Det er også viktig med god bremseeffekt der flya tek av, fordi det kan hende ein må avbryte avgangar. Da skal ein kunne stoppe på den delen av rullebanen som er att.

 

Om vinteren er det snø og is som kan gjere rullebanen glatt. Derfor fjernar ein snø og is heilt ned til asfalten gjennom heile vinterperioden. Under forhold med snø er det sett ei maksimumsgrense for snødjupna ved landing og avgang. Dersom ein kjem over den, blir fly som er på veg til å lande, sette i ventemønster i trygg høgd medan bakkemannskap jobbar med å fjerne snøen. På flyplassar med stor trafikk gjer ein dette på ein svært effektiv måte med kolonnar av fleire brøytebilar som køyrer etter kvarandre i plogformasjon. På den måten kan ein rullebane klargjerast på berre nokre få minutt.

 

Brann og redningsteneste

Flyplassen har ei eiga brann- og redningsteneste som står i beredskap om eit havari eller noko anna alvorleg skulle skje på eller i nærleiken av flyplassen. Dette er godt trena mannskap der det blir stilt store krav til den fysiske forma. Under landing og avgang er mannskapa i ein posisjon der dei kan rykkje ut til skadestaden på nokre sekund. Det blir jamleg gjennomført øvingar for å kontrollere at maksimaltida for full utrykking til utkanten av flyplassområdet blir halden. Dersom det skjer ulykker utanfor flyplassen, er det køyreportar i kvar ende av banen som kan opnast raskt.

Kilde:
 

Avinor