Det at ulike IKT-system fungerer saman, svekkjer dei tradisjonelle tryggingsbarrierane.
Foto:
Colourbox

Sårbarheit i IKT-systemet

19.01.2012 kl 18:46

Del:

Vi blir stadig meir avhengige av system som er IKT-baserte eller IKT-styrte. Dette gjer oss meir sårbare. Drifta og styringa av desse systema er i stor grad automatisert. I tillegg er det slik at stadig meir av kommunikasjonen og tenesteproduksjonen i den offentlege sektoren nyttar dei same systema. 

 

Dette har endra måten enkeltmenneske, organisasjonar og det offentlege samhandlar seg imellom på, og måten dei samhandlar med andre aktørar på. Fleksibiliteten og det at ulike IKT-system fungerer saman, svekkjer dei tradisjonelle tryggingsbarrierane. Det aukar risikoen for at både tilsikta og utilsikta hendingar i éin del av nettverket påverkar også andre delar eller IKT-systemet som heilskap.

 

Nye former for sårbarheit

Dei nye formene for sårbarheit gjer det mogleg å gjennomføre handlingar som ikkje har vore moglege tidlegare. Derfor er det sannsynleg at det blir fleire angrep mot IKT-system i framtida. Slike angrep kan kome både i konfliktar mellom statar og i konfliktar mellom statar og ikkje-statlege grupper, for eksempel terrororganisasjonar eller organiserte kriminelle.

 

Noreg har ein open økonomi og eit internasjonalisert næringsliv. Blant anna er delar av telekommunikasjonen i Noreg internasjonalisert. Når viktige samfunnsfunksjonar i Noreg er avhengige av IKT-tenester frå andre land, aukar risikoen for at vi blir ramma av dataangrep sjølv om vi ligg i utkanten eller står utanfor ein konflikt.

 

Transnasjonale domene

Globaliseringa har gjort at det har vakse fram transnasjonale domene. For eksempel er .com eit transnasjonalt domene, medan .no er eit nasjonalt domene. Dei transnasjonale domena utfordrar den nasjonale handlefridommen fordi dei er vanskelege å regulere og set grenser for kva som kan overvakast. Med nasjonal handlefridom meiner vi eksempel om det går an å lage eit "nasjonalt Internett".

 

Bruk av transnasjonale domene gjer det enklare å skjule handlingar og spor, blant anna gjennom bruk av stråmenn og stråselskap.

ARTIKKELEN HANDLER OM