Foto:
Colourbox

Kva er motiva for dataangrep?

19.01.2012 kl 09:51

Del:

Dei viktigaste motiva for å bryte seg inn i datanettverk er økonomisk vinning, patriotisme, og innhenting av informasjon.

 

Økonomisk vinning

Dette har blitt ein marknad der det etter kvart har blitt muleg å generere enorme summar. Metodane er blant anna utnytting av stolne bankkort, tapping av bankkontoar, utsending av søppel-e-post (spam), utpressing og svindel.

 

Kriminelle som tidlegare opererte andre stader, kan no orientere seg mot Internett, etter kvart som stadig fleire tenester blir tilgjengelege på nettet. Her finst det ein undergrunnsmarknad, der varer og tenester blir kjøpte og selde. Dette omfattar kjøp og sal av angrepsverktøy, kredittkortnummer, stolne passord til ulike tenester, tilgang til infiserte datamaskinar og bestilling av angrep dersom ein ønskjer å ramme nokon. Det eksisterer også ei rekkje tenester som inneber tilbod om pengeflytting, noko som har gjort Internett til ein attraktiv arena for kvitvasking.

 

Patriotisme

Dataangrep som er motiverte av det vi kallar patriotisme, spring ofte ut av nasjonalisme, religiøs tilhøyrsle eller politisk tilhøyrsle. Med bakgrunn i konfliktar, gjerne av politisk art, gjennomfører enkeltpersonar eller grupper åtak mot det dei oppfattar som fiendane sine. Det kan for eksempel vere ein annan stat, eit politisk parti eller ei avis som har gitt uttrykk for visse meiningar. Denne trusselen er til stades i alle konfliktar, og sidan den digitale infrastrukturen er sårbar, er dette angrep som kan manifestere seg på kort tid.

 

Innhenting av informasjon

Dette kan vere framand etterretning som utfører spionasje. Det er ofte målretta angrep mot personar i høge stillingar som sit på sensitiv informasjon. Det kan også vere spionasje mot bedrifter med det formålet å hente ut informasjon om for eksempel patent, budsjett eller framtidsplanar. Terskelen for å gjennomføre denne typen angrep har blitt lågare dei siste åra. Dei verkemidla ein treng for å gjennomføre angrep, kan kjøpast på undergrunnsmarknaden til ein pris som er etter måten låg.

ARTIKKELEN HANDLER OM