Somme gonger kan straumbrot kome av større hendingar som ekstremver.
Foto:
Colourbox

Kva gjer du ved straumbrot

19.01.2012 kl 21:49

Del:

Vanlegvis kjem straumbrot av mindre forhold i heimen din eller i nærleiken av der du bur.

 

På heimesida til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) finst det tekstar der du som forbrukar av straum kan få svar på ei rekkje spørsmål. Ved straumbrot i heimen bør du først gå igjennom dei følgjande punkta for å sjå kva som kan vere årsaka:

 

  • Sjekk om det er ein eventuell jordfeilbrytar som har kopla ut.
  • Sjekk om det er ei sikring som er løyst ut. Dersom det er det, kan du kople ifrå alt utstyr som er tilkopla. Så kan du prøve å kople på eitt og eitt utstyr att og sjå om sikringa blir løyst ut på nytt. Dersom du slik finn ut kva for utstyr som er kjelda til at sikringa blir løyst ut, er dette utstyret defekt og må reparerast av fagfolk eller kastast.
  • Dersom både jordfeilbrytaren og sikringane er intakte, bør du sjekke om også naboane dine er utan straum. Viss det er tilfellet, må du kontakte nettselskapet.

 

Dersom det er feil på den faste installasjonen, må du kontakte installatør. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har eit register der alle verksemder skal vere registrerte. Du kan se kven som er registrert, og kvar den nærmaste verksemda er, ved å gå inn på denne nettsida.

 

Ekstremver og langvarig straumbrot

Somme gonger kan straumbrot kome av større hendingar, for eksempel ekstremver. I romjula 2011 opplevde Vestlandet ekstremveret Dagmar og den sterkaste orkanen på 20 år. Det blei store øydeleggingar, og blant anna fall det ned mange tre slik at det blei brot på kraftlinjer. Dermed opplevde store delar av befolkninga i dei områda som blei ramma, straumbrot.

 

I ekstreme situasjonar kan det vere vanskeleg å kome i kontakt med nettselskapet for å få vite når ein kan vente å få straumen tilbake. I slike tilfelle prøver kommunen å ha den mest oppdaterte informasjonen og det mest oppdaterte biletet av korleis nettselskapa handterer situasjonen – og når straumen kan ventast tilbake.

 

Når straumen blir borte, blir ofte også telefonsambandet borte, fordi mobilsystemet er avhengig av straumforsyning. Under ekstremveret Dagmar var mange utan telefon. I slike tilfelle bruker styresmaktene, og andre som kan gi informasjon, radio for å nå ut til befolkninga. Da er det viktig å lytte til informasjonen på radio, helst NRK P1 eller ein nærradio.

 

Noreg opplever med jamne mellomrom ekstremver som Dagmar. I slike situasjonar kan det vere vanskeleg å vite når straumen kjem att. Da er det viktig at kvar og ein har førebudd seg på å takle situasjonen så godt som råd. Når det er venta ekstremver, blir det alltid varsla om dette på TV, radio og yr.no. Det kan for eksempel vere viktig å tenkje igjennom om det finst alternativ oppvarming, om ein har tilstrekkeleg med alternative lyskjelder, om ein kjem til å ha høve til å lage mat, og om ein har dei medisinane ein treng.

ARTIKKELEN HANDLER OM