Kven har ansvaret for politioppgavene?

24.01.2012 kl 12:21

Del:

Politi- og lensmannsetaten består av Politidirektoratet, dei 27 politidistrikta og dei sju særorgana til politiet. Politiets sikkerheitsteneste er direkte underlagt Justisdepartementet.

 

Politiet har rundt rekna 12 000 tilsette. Saman dannar dei ei einhetleg politistyrke. Politi- og lensmannsetaten er delt inn i 27 politidistrikt. Kvart politidistrikt er leia av ein politimeister som har ansvaret for alle polititenestene.

 

Kvart politidistrikt har eigen administrasjon og felles operasjonssentral. Operasjonssentralen tek imot alle oppdragsmeldingar om ulukker, naudsituasjonar, andre farlege situasjonar, og når det elles er trong for øyeblikkeleg hjelp. Her har dei oversikt over det meste som skjer i distriktet og kan raskt dirigere politipatruljer og andre som er på vakt dit dei trengst.

 

Andre einingar og spesialoppgåver

Norsk politi har mange spesialoppgåver som vert utført av eigne einingar og av mannskap frå politidistrikta. 

 

Felles for alle er at dei utgjer ei nyttig og viktig støtte når politiet skal løyse oppgåvene sine.

 

Politiets sikkerhetstjeneste (PST)

PST er direkte underlagt Justisdepartementet. PST skal førebyggje og etterforske lovbrot knytt til terrorverksemd, ulovleg etterretningsverksemd og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Tenesta har også ansvar for å førebyggje og etterforske spreiing av valdeleg ekstremisme, til dømes nynazisme. PST er rådgjevar for andre norske myndigheiter og lagar blant anna trusselvurderingar som lekk i arbeidet for å ivareta statens sikkerheit og sjølvstende.

 

Spesialeiningar ved politidistrikt

Oslo politidistrikt har nokre einingar med spesialoppgåver, som også arbeider utanfor eige distrikt. Den Kongelige politieskorte har ansvar for å verne kongefamilien. Den nasjonale antiterroreininga, Beredskapstroppen og politiets bombegruppe med spesialtrente hundar er viktige for vern og innsats ved alvorlege truslar eller hendingar.



Politihelikoptertenesta dekkjer alt frå trafikkovervaking til sikker forfølging av farlege bilførarar og pågriping av forbrytarar. Helikopteret vert også brukt også av andre politidistrikt på Austlandet.

 

Poltiets utrykningseiningar

Politidistrikta har spesialutdanna, spesialtrena og spesialutstyrte Utrykkingseiningar. Dei gir bistand og forsterking i skarpe og vanskelege situasjonar med bruk av våpen. Utrykkingseiningane driv også vakthald i heilt spesielle situasjonar. Til vanleg arbeider tenestemennene i utrykkingseiningane i den vanlege ordenstenesta, men vert kalla ut som eiga eining når det er trong for det.

 

Politiets hundeteneste

Politidistrikta har eigne hundar og hundeførarar. Dei blir brukte både i patruljeverksemd og i narkotikasaker. Bombegruppa til Oslo politidistrikt har spesialtrena hundar som vert brukte ved søk etter bomber og anna sprengstoff.

 

Politidirektoratet

Politidirektoratet har ansvar for fagleg leiing, styring, oppfølging og utvikling av politidistrikta og politiets særorgan. Direktoratet er overordna myndigheit og næraste støttespelar for politidistrikta og særorgana. Politidirektoratet har rundt 130 tilsette.

 

Justis- og beredskapsdepartementet

Justis- og beredskapsdepartementet har det øvste ansvaret for verksemda til politiet, og legg rammene med sine planar, mål og løyvingar. Departementet har delegert store delar av ansvaret til Politidirektoratet.