Det nye coronaviruset er lite smittsamt

Per 13. mai i år er det i alt meldt om 34 tilfelle av lungesjukdom forårsaka av det nye coronaviruset. Dei fleste tilfella er melde i Saudi Arabia.

13.05.2013 kl 14:54

Del:

Det nye coronaviruset blei identifisert i april 2012. Coronavirus høyrer til ei stor gruppe virus som blant anna omfattar virus som gir vanleg forkjøling og andre luftvegsinfeksjonar.

 

Situasjonen per 13. mai 2013 er følgjande:

  • 20 av dei 34 som har blitt sjuke er døde.
  • 22 av dei 34 sjukdomstilfella er melde frå Saudi Arabia.

Nokre har fått diagnosen i Europa, enten fordi dei blei overførde hit for intensiv behandling eller fordi dei blei sjuke etter opphald på den arabiske halvøya. Det siste tilfellet som er meldt i Europa er ein franskmann som blei innlagt i sjukehus nokre dagar etter at han kom heim frå Oman. Det er undersøkt 120 kontaktar rundt denne franskmannen, og det er funne ein medpasient som er smitta.

 

Det er ikkje gitt råd om reiserestriksjonar til nokre av dei berørte landa.

 

Det nye coronaviruset er lite smittsamt

Det har også tidlegare vore nokre få tilfelle med teikn på person til person-smitte, knytt til nær kontakt med den sjuke. Sjukdommen oppfattast difor som lite smittsam mellom menneske. Ein trur at smitten kjem frå dyr.

 

Det er viktig å vere klar over at berre dei sjukaste blir innlagde i sjukehus og testa. Nærkontaktane deira vert også testa for coronavirus. Ein har berre funne nokre svært få tilfelle, som har vore lite sjuke.

 

- Dersom dette viruset smitta lett mellom menneske, ville langt fleire vore sjuke no eitt år etter at dei første tilfella blei oppdaga. Det er berre dei med alvorlege symptom som blir testa med virusprøve frå luftvegane. Vi har ikke blodtestar som viser om folk har vore sjuke utan symptom eller med milde symptom. Difor veit vi heller ikkje kor mange som i realiteten har hatt smitte, seier avdelingsdirektør Karin Rønning i Avdeling for infeksjonsovervaking ved Folkehelseinstituttet.

 

Rønning understrekar at norske helsemyndigheter følgjer stuasjonen nøye, og fagmiljøa i Noreg er i tett dialog med det europeiske og internasjonale nettverket for smittvern.

 

Les meir på Folkehelseinstituttet sine nettsidar.